Medverknad innebær at brukaren blir sett på som ein likverdig part i samtalar og beslutningar som angår hans eller hennes utfordring. Det viktigaste i møtet er god kommunikasjon kor alle partar er opne og lydhøre for kvarandre.
Når brukaren treng hjelp til å meistre kvardagen er det nokon få, men viktige element å hugse på for at hjelpar og brukar saman skal kunne komme fram til den beste hjelpe og støtten ein brukar treng.
- å bli teken på alvor
- å bli behandla med respekt
- å føle tillit og tryggleik
- å få hjelp når behovet er der
På tenestenivå har ein medverknad på følgjande måte:
Skule
- Elevråd
- Faste møtepunkt kvar månad
- Samarbeidsutval
- Faste møtepunkt X tal gonger i året
- Foreldrerådsutval
- Faste møtepunkt X tal gonger i året
- Dialogmøte med Skulekontoret
- Her er tilsette representert saman med skuleleiinga
- Ein gong per år
- Elevundersøkinga, les meir på UDIR.
- Skulane sine mobbeundersøkingar
- Foreldreundersøkinga, les meir på UDIR.
- Ungdata undersøkinga
Barnehage
- Foreldreundersøkinga – i Fitjar kommune nyttar den kommunale barnehagen og nokon av dei private barnehagane UDIR si foreldreundersøking. Les meir om undersøkinga her.
Helsestasjonstenesta / Skulehelsetenesta
Medverknad på tenestenivå er at representantar for barn og ungdom kan vere med på utforminga av tenesten gjennom til dømes ungdomsråd, elevråd, foreldreråd etc. Ein skal kjenne at deiras erfaringar og innspel opplevast som reelle når beslutningar takast og nye tiltak skal utformast.