Fitjar kommune skal vera ein lærande organisasjon. I dette ligg det at ein stadig er i utvikling, og søkjer ny kompetanse og kunnskap. Skal kommunen vera i utvikling må ein:

  • Dokumentera den praksisen ein ynskjer
  • Registrera og evaluera praksisen etter kvart både ved avviksmelding og «suksessmelding»
  • Med jamne mellomrom gå gjennom og sjå på praksis og dokumentasjon, eventuelt korrigere praksis
  • Søkje og nytta ny praksis og kunnskap

Tilsette, føresette og barn og unge får kompetanse på ulike arena i kommunen.

For barn og unge, og føresette har me kompetanseheving på slik måte:

Skule

  • Temakveld for 7. og 9.trinn med til dømes nettvett.
  • Reknekveld med føresette og elevar
  • Foreldremøter med utvalgte tema eller tenester som er inne å informerer om sine tilbod.

Barnehage

  • Temaforeldremøter med til dømes grensesetting, mobbing, trass etc.

Helsestasjonstenesta

  • Svangerskapskurs – under utarbeiding
  • Barselgrupper: tema kring til dømes psykisk helse, spedbarnsutvikling, foreldrerettleiing
  • Ope dør
  • Individuell rettleiing ved behov

For tilsette som jobbar med barn og unge er det ein føresetnad for god tverrfagleg samhandling at kompetanseutvikling skjer på tvers av tenestene.

For å oppdage og følgje opp utsette barn har kommunen følgjande kompetanseplan for 2018 / 2019:

  • Omsorgssvikt
  • Oppdragarvald
  • Den naudsynte samtalen
  • Teieplikt og opplysningsplikt

Kompetanseheving blir gjort gjennom:

  • Felles planleggingsdagar
  • Felles personalmøte for barnehagane, minimum ein gong per år
  • Bruk av felles tysdagstid for skulane
  • Felles leiarmøter

Andre tilsette i kommunen som er i målgruppa blir invitert til kursdagar.