Kvalitetssystemet skal sørgje for at vedtekne prosedyrar følgjast og at pålagde og planlagde oppgåver gjennomførast. Ein har eit system som oppdagar og rapportarar avvik.
Fitjar kommune nyttar Compilo som sitt kvalitetssytem. Logg inn her for pålogging til Compilo.
Tilsyn og forvaltningsrevisjon
Sikring av rett praksis skjer også gjennom tilsyn og gjennom forvaltningsrevisjon.
Tilsyn betyr at ein instans innan offentleg forvaltning undersøker om kommunen overheld lov og regelverk og at innbyggjarane får dei tenestene dei har krav på. For Fitjar kommune er det ofte Fylkesmannen i Hordaland som utfører tilsynet, men det kan også vera Arbeidstilsynet eller andre statlege instansar.
Forvaltningsrevisjon er ei systematisk vurdering av korleis kommunen sin administrasjon utfører sine oppgåver opp mot kva kommunestyret har vedteke. I ein forvaltningsrevisjon kan ein til dømes vurdere om ressursbruken samsvarar med politiske vedtak og føresetnader, om ressursbruken er effektiv og om regelverk vert fylgt.