Medverknad handlar om at brukarar skal ha innflytelse på beslutningsprosessar og utforming av tenestetilbodet. Brukarar har rett til å medverke, og tenestene har plikt til å involvere brukaren. Medverknad er ein lovfest rettigheit, og er dermed ikkje noko tenesteapparatet kan velga å forholde seg til eller ikkje.

Ein har ulik medverknad på dei ulike nivå i modellen. På kommunenivå har ein medverknad på følgjande måte i Fitjar kommune:

  • Brukarråd
  • Undomsråd
  • Kommunestyret
  • Utvalsmøter
  • Kartleggingar og brukarundersøkingar
  • www.bedrekommune.no.