Fitjar kommune blei i 2017 ein modellkommune som skal ha fokus på betre samhandling for barn og unge i dei kommunale tenestene. Ordninga er forpliktande og sikrar heilskapleg og tverrfagleg samhandling i arbeidet med barn og unge. Gjennom tidleg innsats og betre samhandling kan fleire familiar få rett hjelp til rett tid.

For å sikre samhandlinga på tvers av tenestene i kommunen har kommunen innført BTI modellen (Betre Tverrfagleg Innsats). BTI er ein rettleiar som skal bidra til tidleg innsats og samordna tenester for barn og unge, og føresette – utan oppfølgingsbrot.

Fitjar kommune har følgjande kommunale føringar for det arbeidet dei ulike tenestene i kommunen skal gjere i sitt arbeid med barn og unge:

Måten me skal jobbe på finn ein på kommunen si heimeside for betre innsats. 

Rapportar

Kommunen gjennomfører kvart tredje år Ungdata undersøking. Dette er ei lokal ungdomsundersøking som vert tilbydd gratis til alle kommunar og fylkeskommunar i landet. Sidan 2010 har  439 200 ungdommar frå 405 kommunar og frå Svalbard delteke i denne undersøkelsen. Ungdata gjer dermed eit godt innblikk i kordan det er å vera ung i Norge i dag.

KoRus bistår kommunane i sin region med planlegging av undersøkinga, utforming av spørjeskjema og rettleiing om gjennomføringa. KoRus kan også, etter avtale, delta i den lokale drøftinga av resultata frå undersøkinga.

Sjå resultata frå siste Ungdataundersøkinga i Fitjar kommune.