Risikoutsette barn og unge skal identifiserast så tidleg som mogleg. Tidleg innsats betyr at ein skal setje i gong tiltak for eit barn og ungdom med ein gong det er behov for det, når som helst, både i barnehagen og i skuleløpet. Og ein skal sørgje for ei systematisk og langsiktig oppfølging så lenge behovet er tilstades,

Formålet med tidleg innsats er å førebyggje utvikling av samspels- og åtferdsproblemer, fysisk og psykisk helseproblematikk, skuledrop-out, unge uføre, rusmiddelmisbruk og andre formar for utanforskap.

Fitjar kommune har ein digital handlingsrettleiar med tilhøyrande verktøy som tilsette i vår kommune skal nytte når ein jobbar med barn og unge. Målet med handlingsrettleiaren er rett hjelp til rett tid, tidleg foreldreinvolvering og at barnets røyst alltid skal følgje prosessen kring seg sjølv.

Handlingsrettleiaren finn du her.

Formålet med ein digital handlingsrettleiar er at alt ein treng er samla på ein plass:

Offentlege myndigheter, samt ei rekkje yrkesutøvarar med profesjonsbestemt teieplikt, har plikt til å gje opplysningar til barnevernet når det er grunn til å tru at eit barn vert utsett for mishandling, andre former for omsorgssvikt eller om eit barn har vist vedvarande åtferdsvanskar. Opplysningsplikta føl av lov om Barnevernstenester § 6-4 og av tilsvarande bestemmelsar i andre lover.
Les meir om når du bør ta kontakt på Barnevernvakten.

Opplysningsplikta inneber ei plikt til å melde frå til den kommuale barnevernstenesta av eige tiltak ved alvorleg bekymring og er eit sjølvstendig og personleg ansvar!

Privatpersonar har eit moralsk ansvar for å melde frå, men ikkje eit juridisk ansvar, slik offentleg tilsette har.