Barns måte å gje uttrykk for at ein ikkje er trygg, eller teikn på at dei lever i ein vanskeleg omsorgssituasjon skal alltid takast på alvor. På kva for måte barn kommuniserar at dei har det vanskeleg vil variere frå barn til barn. Ei liste over barn sine signal vil difor aldri kunne vere utfyllande. Signala må sjåast i forhold til barnet sin alder og situasjon, og treng ikkje alltid vere eit signal om alvorleg uro.

Barna sine signal bør likevel vere eit grunnlag for ein samtale med føresette, med unntak ved vald og overgrep. Då skal ein alltid kontakte barnevernet direkte. Uansett er det difor viktig å vere merksam på at barn som lever i familiar med psykiske vanskar, vald eller rusproblematikk, ofte kompenserer for manglande omsorg ved å vere overdrevent ansvarleg og tilpasingsdyktige. Det er difor ikkje alle barn visar tydelege symptomar.

Fitjar kommune har følgjande støtte for samhandling med barn og unge, og føresette: